VELKOMEN TIL UTNE

Museumssmykket
– Tradisjonar i 300 år

EI OPPLEVING
I SEG SJØLV

Anno 1722

Eit av Noregs eldste hotell

17 unike

Hotellrom

Heilårsopen

Ta kontakt

120 km

Bergen lufthavn Flesland

55 min

Utne – Voss

VELKOMEN

LEVANDE & AUTENTISK

Heilt nede ved ferjekaia på den vesle tettstaden Utne, omkransa av ein sjarmerande hage bak kvitmåla stakittgjerde og fantastisk utsikt over fjord og fjell, ligg eit av Noregs eldste og best bevarte trehotell – Utne hotel.

Små augneblink vert store og tilstanden av å berre vera kjem til sin rett på dette hotellet. Kjensla av bestemoridyll slår imot deg når du tek i døra. Det er som å koma heim. Her vert du møtt av det ekte smilet.

Det ligg nesten 300 års historie i veggane som fortel om sterke kvinner og vertinner som har vist varme og omsorg for sine gjester og for bygda si.

Du vil kjenne ei lengsel etter å koma tilbake.

«Regn og dis forsvant over fjorden og dette vakre stedet åpenbarte seg. Mottatt av et varmt vertskap, hardangersider i høye glass, nydelig utsikt og utsøkte smaker. «

Frå Gjesteboka

Senk skuldrene

Her står avkopling i fokus,
langt frå bystress og mas.

Senk skuldrene

Her står avkopling i fokus,
langt frå bystress og mas.

«To fantastiske, velsmakende døgn i omgivelser som oser av velpleiet historie. Vi glemmer aldri det fremførte Vinje diktet!»

Frå Gjesteboka

INNLOSJERING

LAT OSS GÅ OPP

Alle dei 17 romma på Utne hotel er unike med historiske trekk, møblar og stilartar. Alle med eige moderne flislagte bad. Romma kan nyttast som twin / dobbelt / enkeltrom. Nokre av romma har fjordutsikt mot fjorden/kaia, andre er vendt mot den stille bakhagen. Ingen av romma har fjernsyn. Dette for å behalda den historiske atmosfæra, og stimulere til kveldsprat eller lesing av ei god bok.

Legg vekk mobilen og sjå selskapet ditt i augo. Ver til stades her og no, og ta vare på kvart sekund. Gjerne med eit glas sprudlande sider.

Book rom nå..

Ta del i eit stykke levande, norsk hotellhistorie

ATMOSFÆRE

Å FEIRE ELLER
BERRE Å VERA

Den fantastiske naturen med sine mektige, snøkledde fjelltoppar og den blågrønne Hardangerfjorden dannar ei nydeleg ramme for eit besøk på Utne hotel. Det er slåande vakkert og å bu her er ei oppleving i seg sjølv.

Atmosfæren på Utne hotel gjer det til ein perfekt stad for feiring av merkedagar, vennskap og kjærleik.

Her er det godt å vera når du ynskjer å vera saman med dei du er glad i.

HALDE SELSKAP?

Matsalen i Utne hotel har kapasitet på inntil 60 personar

«Takk for eit fint besøk hjå dykk! Dette har vore som hjå ei gammal tante. God seng, koselig rom og godt stell!»

Frå Gjesteboka

Heimelaga

Veit du kva krotakake er?
Knasande sprø tradisjonsbakst laga av lokal bakstekone. Krotakaker smakar nydeleg saman med heimelaga ramslauksmør.

Heimelaga

Veit du kva krotakake er?
Knasande sprø tradisjonsbakst laga av lokal bakstekone. Krotakaker smakar nydeleg saman med heimelaga ramslauksmør.

«Det har vært en fantastisk opplevelse og en reise tilbake i tid, – krydret med høy kvalitet og varm personlig service.»

Frå Gjesteboka

SIDERSMAKING

FRISKT, VILT & SYRLEG

La oss ta deg med på ei reise – til smaken av Hardanger, til duggfriske epler og til lufta av rein natur. Me inviterer til sidersmaking kvar kveld kl.18.00 i siderkjellaren. Her får du servert smakfulle dråpar og historia bak produksjonen frå eit utval av dei mange frukt- og siderprodusentane i Hardanger.

Sidersmaking kan tingast av både buande og ikkje-buande gjester.
(18-års aldersgrense, då all sider inneheld alkohol)

Kr. 399,- per person

Book rom nå..

Ta del i eit stykke levande, norsk hotellhistorie

Unik matopplevelse på Utne Hotel

RESTAURANT

UNIK MATOPPLEVING

Med kjærleik til sesongfriske råvarer og lokal matkultur, inviterer Utne hotel til unike mat opplevingar. Kalv fra Folkedal og lam fra Hardanger smakar godt til middag. Ramslauken vert plukka på Aga og epla kjem frå fruktgardane i nærleiken. Det heimelaga syltetøyet smakar himmelsk og krotekaka likeså.

Nybakt brød finner du alltid på frukostbordet og lokale epleprodukt vert sjølvsagt tilbydt til alle måltid. Det er handverk. Det er heimelaga. Det er godt.

Alt med kvalitet og med eit bankande hjarte for Hardanger.

Lunsj: på førespurnad
Middag: Bordseta kl 20.00
5-retters middag er inkludert i romprisen.

Middag for ikke-buande gjester, send oss ein forespurnad via epost reception@utnehotel.no.

Opplev unike matopplevelser på Utne Hotel
«Et museumssmykke av et hotell på et nes, tett på fjorden i fagre Hardanger!»

Frå Gjesteboka

Her ligg det
300 års historie i veggane

Historia fortel om sterke kvinner og vertinner
som har vist varme og omsorg for sine gjester
og for bygda si.

Her ligg det nesten
300 års historie i veggane

Historia fortel om sterke kvinner og vertinner
som har vist varme og omsorg for sine gjester
og for bygda si.

«Det ånder av tindrende sommerduft, det «ånder» godt i dette huset som ber så mykje historie i seg. Måtte det få bestå lenge, lenge!»

Frå Gjesteboka

ANNO 1722

BU I EI HISTORIEBOK

Utne hotel er Noregs eldste freda trehotell som kontinuerlig har vore i drift i over 300 år. Det heile starta i 1722 som eit gjestgiveri med stove, kjøken, gang og eit soverom. Utne hotel har i fleire hundre år bydd på tradisjon og omtanke for sine gjester.

Alderen tatt i betraktning er det ikkje så rart at ein kan høyre knirkelydar eller fornemma at det er nokon frå tidlegare generasjonar som passar på. Det er som å bu i ei historiebok.

Hotellet har gjennom tidene vore drive av sterke kvinner, -Mor Utne dreiv hotellet i heile 70 år. No er det hardingen, Jon Aga som driv hotellet med sitt faste vertskap gjennom heile året. Her sørger dei for at du blir ynskja velkomen med det ekte smilet.

I MOR UTNE SI ÅND

På Utne hotel er det damene som alltid har regjert. Historia om Mor Utne er viden kjent. Viljesterke Torbjørg Johannesdotter Utne, som ho eigentleg heitte, dreiv hotellet i 70 år med kjærleik og styrke.

Det er skrive om ho: «Der vart me mødt av den trivlige hotelvertinna Torbjørg, ho var så ljosløynd og trivlig at alle lika henne og kjend utover i Europa, fra Hannover til Amerika»

Lokalbefolkninga på Utne sette stor pris på Mor Utne, og samla saman penger til ein sølvkrans til gravferda hennar. Denne heng i dag i restauranten på hotellet.

Opplev storslått utsikt,
fossefall og magisk fjellvandring

Utne hotel er eit utmerka utgangspunkt
for gjester som ynskjer både aktive
og kulturelle opplevingar

Opplev storslått utsikt,
fossefall og magisk fjellvandring

Utne hotel er eit utmerka utgangspunkt
for gjester som ynskjer både aktive
og kulturelle opplevingar

OPPLEVINGAR

LA OSS UTFORSKE

Å oppleve kan vera så mykje – alt frå å ta inn det vakre rundt deg frå ein benk i hagen eller frå kunsten som heng på veggane på hotellet.

Hotellet er også eit utmerka utgangspunkt for gjester som ynskjer både aktive og kulturelle opplevingar. Me anbefaler gjerne ein fjelltur til Oksen, gå Dronningstien eller å vandre til eit eller fleire av dei mektige fossefalla i Husedalen. Det er også kort veg til Folgefonna sommarskisenter. Agatunet med sine 30 freda hus, Skrivargarden på Hesthamar og Hardanger Folkemuseum vil også gjerne dele si historie med deg.

«Takk for måten vi ble møtt på, innblikket i hotellets historie og den spesielt gode kaffen servert fra sølvkanne av ei vakker hulder. «

Frå Gjesteboka

Fossane
i Husedalen

Denne dagsturen startar allereie på kaien på Utne. Ferga går fra Utne til Kinsarvik og vandreturen startar i Kinsarvik. Turen gjennom Husedalen er ein av dei vakraste fotturane i Noreg, der fire fossar ligg på rad og rekke.

Oksen
1241 moh.

Denne toppturen kan me anbefale. Frå Oksen har ein storslått utsikt 360 grader til nesten heile Hardanger. Sesong mellom juni og september. Det vert sagt at når det ligg ein skydott over Oksen vil det alltid bli regn dagen etter….

Dronningstien,
Lofthus

Ein vakker vandretur som byr på flott utsikt til Hardangerfjorden, Hardangervidda Nasjonalpark og Folgefonna Nasjonalpark. Dronningstien går oppå fjellet, mellom Lofthus og Kinsarvik.

Besøk
ein sidergard

Sider, fjord og fjell. Besøk ein eller fleire av dei mange produsentane av Hardangersider. Gardane ligg i naturskjønne omgjevnader og tilbyr smaksprøvar, historie og sal av sin spesialitet.

Hardanger Folkemuseum

Bli kjend med Hardanger si historie og folkekultur gjennom faste og skiftande utstillingar, eller finn roen gjennom ei vandring i det vakre museumstunet.

Fonna Glacier
ski resort

Fonna Glacier Ski Resort har perfekte skiforhold heile sommaren. Opnar i slutten av april og stenger i september. Ski- og utstyr tilgjengeleg for leige. Staden for deg som er glad i snøsport og fantastisk natur.

Rundreise Hardanger
Nasjonal turistveg

Opplev storslått natur og arkitektur i kombinasjon med nokon av Noregs mest sjarmerande hotell: Utne hotel og Ullensvang Hotel. Kortferien må bookast gjennom De Historiske Hotel & Spisesteder.

Lagmannsstova
i Agatunet

Agatunet er eit unikt kulturminne, eit autentisk og freda klyngetun – som ligg vakkert til mellom fjord, fjell og frukttre. Her står husa og forteljingane tett.

Taste
Hardanger

Hardanger kan by på mange interessante og flotte sideropplevingar. Her kan du lese om dei ulike aktivitetane, og booke direkte i systemet den dagen som høver for deg.

Sidersafari
Aga sideri

Opplev Hardanger fra sjøen med siderbåten! Bli med på en spennende reise til frukt og siderens rike hvor du får se, lære og smak på Norges svar på Champagne.

Kulturkalender
frå Hardanger

Festivalar, konsert, kulturarrangement, teater; Det skjer utruleg mykje som er verdt å få med seg. Her finn du oversikt over det som skjer i Hardanger.

Lær å sy hardangersaum

Kombiner eit opphald på Utne hotel med å lære å sy hardangersaum på Hardanger folkemuseum. Aktuelle helger: 28.-30.august og 18.-20.september

Reint vatn

Rein luft