300 års jubileum

Det heile starta i 1722 som eit gjestgiveri med stove, kjøken, gang og eit soverom.

Utne Hotel er Noregs eldste freda trehotell som kontinuerlig har vore i drift i 300 år. Det heile starta i 1722 som eit gjestgiveri med stove, kjøken, gang og eit soverom. Utne hotel har i fleire hundre år bydd på tradisjon og omtanke for sine gjester.
Alderen tatt i betraktning er det ikkje så rart at ein kan høyre knirkelydar eller fornemma at det er nokon frå tidlegare generasjonar som passar på. Det er som å bu i ei historiebok.
Hotellet har gjennom tidene vore drive av sterke kvinner, -Mor Utne dreiv hotellet i heile 70 år.  – Fra Hardangerfjord.com

Det blei satt sammen en jubileumsbok under jubileet for 275 år. Her er  et utdrag fra jubileumsboken av Hildegunn Aga Blokkhus.

«Ein av hotellgutane i mi tid synte gode evner til å underhalda gjestene. Me hadde hatt for vane ofte om laurdagskveldane å gjer det litt festleg med å dra ut kaffien etter middag og servera kringle eller bløtkake attåt.
Ein dag kom Gudmund og sa til meg: «Hvis du vil servera kaffi og kaker om laurdagane, så skal eg syta for underhaldning». Som sagt, så gjort. Me hadde nokre fantastiske samkomer med allasang, deklamasjon m.m både på norsk og andre språk. Han omsette «Ja, vi elsker» og «Per Spelmann» til engelsk, me skaffa medaljer og delte ut permiar.

Me hadde flaggstong på plenen der det no er oppstillingsplass for bilane. Om ettermiddagen kl 18. samla han gjestene rundt flaggstongi, og me song idet han firte flagget. Var det rart at gjestene likte seg og kom att? Me vart som ein stor familie, og det hende at eg studerte gjestene og fann ut at mesteparten hadde anten vore her før eller dei var anbefalt av andre.»