Opplevingar kan vera så mykje meir enn berre det å ta inn det vakre rundt deg – det kan òg vera å ta del i det. På Utne Hotell ynskjer vi å skape minnerike øyeblikk for deg og dine.
Frå mai arrangerer vi Sidersafari-turar med Siderrute-båten, og vi kan organisere individuell transport til omkringliggjande Sidergårder for siderprøving og eige opplegg, til dømes lunsj.
I tillegg tilbyr vi skreddarsydde opplevingar frå mai med transport, matpakkar og eventuelt guider til dei populære turane i nærområdet, som Dronningstien, Trolltunga, Oksen og Folgefonna med meir.
Utforsk området med våre utlånssyklar og ta ein forfriskande sykkeltur til den sjarmerande Saunaen på Grimo, berre 3 km unna, med moglegheit for ein forykkande dukkert i den nærliggjande Sørfjorden.
Opplev unike øyeblikk medan du nyter atmosfæren og roen på Utne Hotell. Avslutt dagen med ein velsmakande måltid og eit glass sider.
Hotellet vårt er det perfekte utgangspunktet for gjester som ynskjer både aktive og kulturelle opplevingar.