17 historiske rom

Alle med eige moderne bad. Romma kan nyttast som twin / dobbelt / enkeltrom. Nokre av romma har fjordutsikt mot fjorden/kaien, andre er vendt mot den stille bakhagen. Ingen har romma har fjernsyn. Dette for å behalda den historiske atmosfæren, og stimulera til kveldsprat eller lesing av ei god bok.

Kvart rom er unikt

Ingen av romma på Utne Hotel er like. Nokre har flotte historiske tapet, nokre er dekorert med tradisjonsrike malemetoder som: skinnrulling, årdring eller marmorering. Utne Hotel er eit freda trehotel, og det kan gjerne vera litt lytt, knirking i gulv og andre mystiske lydar. Eller kanskje det er gamle «Mor Utne» som tar kveldsrunden og passar på? Den beste søvnen får du etter eit godt glas med sider frå Hardanger.