Velkomen til sider- restauranten i Hardanger

Siderrestauranten med lokale råvarer frå Vestlandet.
Book online eller ring +47 53 66 64 00

Meny basert på lokale råvarer

Restauranten på Utne Hotel

Sesongope frå 1. mai til 1. oktober

Me tilbyr dagens 3 retters middag kvar kveld i sesongen. Menyen er basert på kortreiste sesongvarer og me har fokus på lokal matkultur.

Det er rift om borda og me anbefalar å reservera bord på førehand. Send oss gjerne ein mail på: reception@utnehotel.no for reservasjonar.

Restauranten opnar kl 19:00 og det er bordsete fram til kl 21:00

Sei gjerne i frå på førehand om me skal ta hensyn til allergiar, intoleransar eller diettar.

Pris for dagens 3 retters middag: kr 595,- per person

Sesongfriske råvarer

Ei oppleving i seg sjølv

Fjellaure, lam frå Hardanger, eplemost, sider, moreller, plommer, krotakaker, ramsløk, gomme, røykekjøt, hakkasteik, kalkun frå Homlagarden, fenalår, røykelaks og masse meir. Det bugnar av god matkultur i Hardanger. Me vil gjerne gje deg ein god matoppleving med smakar frå Hardanger.

Opningstider i restauranten:

Frukost frå kl 07:00 til 10:00

Lunsj frå kl 12:00 til 16:00

Middag frå kl 19:00 til 21:00

Det er mange gjester i sesongen, og me har begrensa plass. Ver derfor tidleg ute med å reservera bord til lunsj og middag. Ta kontakt på reception@utnehotel.no

Bryllup. Konfirmasjon. Jubileum. Selskap. Velkomen til oss!

Ta kontakt for å skreddarsy ditt arrangement.