Vi tek imot grupper frå 10 til 60 personar og tilpassar lokalet etter dykkar behov. Vel mellom ei stemningsfull middag i sjarmerande Mor Utne-stova, ei større feiring i restauranten eller eit intimt selskap for inntil 20 personar i lune Grønnstova.
Skreddarsydd for dykk
Vi skaper ei oppleving tilpassa dykkar anledning, anten det er jubileum, bryllaup, firmaarrangement eller ein annan merkedag. Våre dyktige kokkar set saman ein meny basert på dei beste råvarene frå Hardanger.
Smak, historie og atmosfære i harmoni
Middagsopplevinga startar med ei forteljing om hotellet si rike historie, etterfølgd av ein nøye komponert meny som framhevar smakane frå regionen.
For å gjere opplevinga komplett, tilbyr vi skreddarsydde sider- og vinpakker som harmonerer perfekt med maten. Hardanger er kjent for sin prisvinnande sider, og vi presenterer eit utval for den beste smaksopplevinga.