«Det har vært en fantastisk opplevelse og en reise tilbake i tid, – krydret med høy kvalitet og varm personlig service.»

Frå Gjesteboka

SIDER FRÅ HARDANGER

EI OPPLEVING FOR SANSANE

Hardanger er kjend som Noregs siderparadis, og det er få stader betre eigna for ei ekte sidertasting enn på Siderhotellet i Utne. Her får du ein smakfull og lærerik oppleving, der du blir kjend med dei unike smakane frå Hardanger sine eplehagar.

Opplev korleis lokale produsentar foredlar dei beste epla til prisvinnande sider, og lær meir om tradisjonane, handverket og smakane som gjer Hardanger-sider så spesiell.

Gjennom smak, duft og historie tek vi deg med på ei reise gjennom Hardanger si siderkultur, der kvart glas fortel si eiga historie. Dette er ei oppleving som passar perfekt for både kjennarar og nyfikne – velkomen til ei smaksreise du seint vil gløyme!

Sidersmaking

Me inviterer til sidersmaking kl. 18 i hotellet si siderkjellar, etter påmelding.

Bli med på ei smakfull oppleving der du får utforske historia bak produksjonen frå eit utval av dei mange frukt- og siderprodusentane i Hardanger.

Sidersmaking er tilgjengeleg for både gjester som bur på hotellet og dei som ikkje gjer det.

(Aldersgrense 18 år, – sider inneheld alkohol)
Pris: 499,- per person